Minst 14 lokale spelarar
Fotballstyret har vedteke at alle klubbar i eliteserien og 1. divisjon skal ha minst 14 lokalt utvikla spelarar i troppen.
Av Arve LotePublisert i dag 17:41
Reglane gjeld frå 15. januar, og skal styrke utviklinga av norske fotballspelarar.
Vedtaket som NFF-styret gjorde måndag, er tilpassa reglane som UEFA innførte i fjor, og som gjeld for europeiske turneringar.
Dei nye norske reglane er vedtekne etter ei brei høyring av klubbane i dei to øvste divisjonane, skriv NFF på si nettside.
Reglane krev at 14 spelarar i ein tropp på 25 skal vere lokalt utvikla. Det betyr altså at berre 11 er såkalla "frie". Av dei 14 spelarane må minst to vere utvikla i eigen klubb.
Definisjonen
Definisjonen av lokalt utvikla spelarar er delt i to:
Ein klubbutvikla spelar må ha spela i sin noverande klubb i minst tre heile sesongar eller 36 månader frå han er 15 til han er 21 år, men ikkje nødvendigvis tre sesongar samanhengande.
Ein forbundsutvikla spelar må ha spela i ein norsk klubb innan dei same tidsavgrensingane.
Det viktige er at spelaren er utvikla i ein norsk klubb. Nasjonaliteten har ingenting å seie.
- Forbundsstyret har med denne modellen vedteke at hovuddelen av spelartoppen i norske klubbar skal bestå av spelarar som er utvikla i Noreg. Vi er overtydde om at dette vil tene både toppklubbane, breiddeklubbane og landslaga, seier videpresident i NFF Erik Loe.
UEFA har innført sine reglar for å bremse utviklinga i retning av stadig fleire utlendingar i dei nasjonale ligaene.
Kommentar